NB! Vi følger nasjonale retningslinjer for Covid-19. Du kan lese meir om det her.

Resepsjon / Storkiosk / Info

I perioden frå ca 1.mai og til 1.oktober er resepsjonen betjent daglig frå kl.08.00 til 22.00

Frå påske og fram til 1.mai og etter 1.oktober er det ope i helgane, dvs fredag til søndag. I vinterhalvåret er vi tilgjengelige på telefon, og kan raskt kome til resepsjonen dersom det kjem gjestar.

I kiosken har vi litt daglegvarer som brød,rundstykker, melk ost etc. Bra utval av vanlige kioskvarer. Vi har også eit lite utval av lokale kortreiste produkt som er veldig populære. I kjøledisken finn du blant anna «Flytande eple» frå Loen, bringebærsyltetøy og saft, honningprodukt, diverse ramsløkprodukt og pølser bla av hjort. Dette er populært som både gåver og delikatesser som nytast under campingopphaldet

Turistinfo: I resepsjonen gir vi også god informasjon om kva som finst av attraksjonar og aktivitetar i området enten du vil gjere ting på eiga hand eller leige ein guide. Våre medarbeidarar er lokalkjende og kan gi gode og trygge turforslag. Her finn du også både kart og brosjyrer frå enkelte av det som er verdt å få med seg. Vi svarar gjerne på spørsmål i forkant av opphaldet også om du treng hjelp til planlegginga.