NB! Vi følger nasjonale retningslinjer for Covid-19. Du kan lese meir om det her.

Sande Kafeteria

 

Vi tilbyr enkle fastfood rettar og middag.

I helgane har vi som regel litt lokale rettar på menyen som for eksempel Klubb /raspeball/komle som søndagsmiddag. Andre rettar kan vere « Sosakjøt», Ørret frå Lovatnet, Fårikål og lokalproduserte kjøttkaker og karbonader. Til 17.mai og Jonsokfeiring (midtsommar) serverar vi heimelaga rømmegraut med spekemat

I kakedisken finn du som regel heimelaga kaker

Øl- og vinrett

For grupper på minimum 10 personar kan vi tilby frukostbuffet (evnt.inkl.niste), lunsj og middag. Ta kontakt i god tid før ankomst for tilbod!

Frå kafeen har du panoramautsikt oppover dalen og over det turkisgrøne Lovatnet. På fine sommardagar og kveldar er det fint å sitje på verandaen og nyte utsikten og eit måltid mat.