NB! Vi følger nasjonale retningslinjer for Covid-19. Du kan lese meir om det her.

Skåla 1848 moh

Norges lengste motbakke Turen startar på Tjugen, på ca 30 moh og endar på 1848moh.

Godt tilrettelagt sti heile vegen, og på siste del av turen er det steintrapper. Frå Skåla har du ein fantastisk utsikt over fjell og fjord. Berekna tid frå 3-5 timar. For dei som vil overnatte og få med seg både solnedgang og soloppgang, så er det mulig å bestille plass på Skålabu som er den nye turisthytta på Skåla.

Skålatårnet som er eit rundt steintårn vart bygt i 1891 av lege Henrik Kloumann, og var tenkt brukt til folk med tuberkulose. Tårnet vart aldri brukt til det formål, men det vart eit populært overnattingstilbod til turistar.  For dei som ikkje orkar å gå heilt på Skåla så kan du gå til Skålavatnet og opp på Vesleskåla.