NB! Vi følger nasjonale retningslinjer for Covid-19. Du kan lese meir om det her.
Loen Shuttle
Turforslag strekninga Loen - Kjenndalsbreen
Skålaparkeringa: Setretur til Tyva/Haugasetra, retur same vegen, eller gå ein rundtur og kom ned enten på Sandeåsen feriesenter eller ved Sande camping.
Kaia til M/S Kjenndal: Opplev Lodalen frå vatnet, ca 45 min båttur til Kjenndalstova. NB Sjekk rutetider
Breng: Rekreasjonsområde tilrettelagt for piknik, bading og fiske. Bålplass
Breng seter med idyllisk setretun, Brengsfossen og beitande kyr og kalvar på setreområdet. Berømt fotomotiv!
Minnetavla i Bødal: Informasjonspunkt om dei to Lodalsulukkene. Vandring på historisk grunn. Båtvraket som ligg i skogen gir eit innblikk i naturkreftene som var i sving. Sti vidare ned til Nesodden og Lovatnet. Lett familietur
Bødalskrysset:
Ca 5 km spasertur opp til Bødalseter(dagstur). Fossefall, brearmar, fjelltoppar. Bødalseter er ei «gøymd perle» Brecamp for overnatting i telt eller hengekøye, eller dagsopphald for piknik og bålkos. Sti til Bødalsbreen
Kjenndalstova:
Kafe/restaurant. Utleige av kano og sykkel, fiskemuligheter
Kjenndalsbreen:
Fin sti til utsiktspunkt for Kjenndalsbreen. Mektige fossefall og fjellformasjonar. Ein vill og vakker dal
Turforslag strekninga Sande -Loen - Oppheim
Skålaparkeringa:
Topptur til Skåla/Skålatårnet (mulighet for overnatting) Kortare tur til Tyva/Haugasetra eller Vesleskåla.
Loen Aktive:
Via Ferrata Loen, zip line, padling på Nordfjorden, guida turar mm.
Loen Skylift: Loen Skylift, pendelbane til Hoven 1011 moh. Restaurant, godt utbygt stinett med både korte og lengre turar. Fantastisk utsikt og solnedgang
Oppheim:
Rakssetra – instaseter nr.1 i Loen!
For meir info om fleire turforslaga, spør i resepsjonen!
Har du ikkje tid til å stoppe og utforske turtilboda, så er ein rundtur/sightseeningrunde også å anbefale. Då får du sjå heile området og kan planlegge neste tur til Loen!