• nb
  • en
  • de

Bestilling/Avbestilling

Bestilling av hytter kan gjerast både via telefon , epost eller  Online booking.  Vi krev ikkje forskotsbetaling,og så sant det er mulig blir det sendt ut ordrebekreftelse til kunden pr epost.    Pass på og ha din reiseforsikring i orden, så er det ingen problem om du må avbestille pga sjukdom eller andre ting. Dårlige vermeldingar er ingen avbestillingsgrunn.

  Ved avbestilling gjeld følgande avbestillingsgebyr:

Ordren kan fritt avbestillast inntil 3 veker før opphaldet startar. Ved avbestilling seinare enn 3 veker før opphaldet er du forplikta til å betale ein viss % andel av avtalt pris, jfr ordrebekreftelsen under pkt1 som følger:

Ved avbestilling 3 til 1 veke (7dagar)  før ankomst :   25%

Ved avbestilling 7 til 3 dagar før ankomst:   50 %

Ved avbestilling 3 dagar til oppstart:  100%

Now show: 100 % av den totale prisen

Dersom du er usikker på om du kjem til å benytte deg av ytelsen anbefaler vi at du tegner avbestillingsforsikring.

 Tidspunkt for innsjekk: Tidligast kl.14.00        Tidspunkt for utsjekk: Seinaste kl.12.00.

Sluttreingjering er inkludert – vi vaskar hytta for deg!

Sluttreingjering av hytter og apartments er inkludert i hytteleiga. Men vi ber om at de før avreise klargjer hytta for vasking, slik at reingjeringsarbeidet blir lettast mulig for våre medarbeidarar.

1. Ta ut søppel og kast det i søppelcontaineren.  

2. Der det er oppvaskmaskin skal de sette på denne.

3. Sjå elles til at de har fått med alle eigendeler som tilhøyrer dykk.

Dersom de finn feil og manglar i hytta så ber vi om at de gir beskjed om det i resepsjonen med ein gong de oppdagar det. Så vil vi prøve å utbedre feilen så snart det let seg gjere. 

Rabatt når du bor her over lenger tid !

Vi gir 10% rabatt på alle hytter og apartments når du bor her i 3 dagar eller lenger!