• nb
  • en
  • de

Bødalsæter Brecamp/Naturcamp

 

Ønskjer du å campe litt meir » i pakt med naturen» uten alle moderende fasilitetar rundt deg? Då er Bødalsæter eit ypperleg alternativ for både store og små. Her finn du ein liten enkelt tilrettelagt plass der det er lov og slå opp telt og campe. 

 

Campen ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark, med fossefall, breamar og rein natur på alle kantar. Du vaknar til fuglesong , elvasus, fred og ro.  På området er det toalett og vask, der er også eit opphaldsrom om veret er dåleg. I opphaldsrommet er det nokre sengeplassar om teltlivet ikkje fristar.  I bjørkeskogen er de supre  plassar for å sove i hengekøye.

 

Glamping

 

Praktisk info:

  • Det er ikkje elektrisitet på området
  • Bomveg frå Bødal til parkeringsplassen på sætra kostar kr.50,-
  • Ved avreise ta med søppelet ditt til kontainer i Bødal
  • Det er to vannklosett + håndvask på campen
  • Det er benkar og bålplassar inne på området
  • Ta hensyn til beitedyr og naturen. Det er reglar for kva ein har lov til og ikkje innanfor Nasjonalparken
  • Lat att grida inn til campen, slik at dyra ikkje kjem inn!
  • Ingen booking for enkeltreisande (grupper kan bestille plass)
  • Tur til Bødalsbreen ca 40 minutt på fin sti
  • Tur til Lodalskåpa må alltid gjerast ilag med guide/kjentmann

 

Nydelig film av Ruben Soltvedt frå deira tur til sætra.

HULDRA

På Bødalsætra er der ein stad som heiter Huldrehaugen, og fossen ved parkeringsplassen heiter Huldrefossen. Av den grunn så er det sannsynlig at Huldra var og finne i området! Det finst ei segn ifrå Huldrehaugen, gjengitt i Sigurd Nesdal si bok «Lodalen fager og fårleg»

Huldrehaugen

Som tidligare nemnt er det på Bødalsætra ein haug som er kalla Huldrehaugen. Han ligg omlag 150 meter frå sela, og her heldt huldrene til. Ein gut i Bødal gjette krøttera, men ein kveld var det berre dyra som kom heim. Dei leita etter guten, men fann han ikkje, og var då sikre på at det var huldrene som hadde teke han. Det ein då skulle gjere var å ringje med kyrkjeklokkene, men Lodalen låg så langt frå kyrkje at det høyrdes ikkje. I staden gjorde dei det nest beste. Dei ropa ut døypenamnet hans: » Gabriel kom ut»! Han vart funnen ved ein stein, og då fortalde han at han hadde lagt seg til å sove ved Huldrehaugen. han vakna då dei ropa på han, og med det same såg han to blåkledde karar som la han ned og for. Dei hadde bore han frå Huldrehaugen og ned der dei fann han. Somme i Bødal trudde på det han fortalde, medan andre mmeinte han hadde skrøna for å sleppe å gjete. Foreldra torde ialle fall ikkje å sleppe han i gjetarskog meir, og det var broren som måtte overta. 

Gabriel var bror til oldemor til Sigurd Nesdal, Ågot Bødal. Ho fann ein gong ein svært fin mønsterstrikka sokk som ingen på garden hadde sett maken til. Ho fann berre denne eine sokken, og den andre kom ikkje til rette seinare heller. Det var rart med ein sokk som ingen hadde sett makan til, og mange trudde dette var ein huldresokk!