• nb
  • en
  • de

Brevandring

  Bretur på Tystigbreen.

Brevandring på Tystigbreen i Stryn (ved Stryn Sommarskisenter)
Breplatået ligg på 1600 moh med ei fantastisk utsikt.

Opplev brelandskapet og isbreen på avstand

Visst du ikkje har lyst å klatre på ein bre, så bør du uansett ta ein kort spasertur for å sjå på ein av dei vakre brearmane frå Jostedalsbreen. Dei har dessverre blitt mindre siste åra, men naturen byr også på fossefall og mange andre mektige opplevingar.  Ver snill og respekter stoppskilt og sperringar ved enden av stien, det kan medføre fare å gå nærmare breen enn det som er lov.

Kjenndalsbreen – den lettaste tilgjengelige breen

Denne brearmen ligg innerst i Lodalen – ca 15 -20 minutt å gå på fin og godt tilrettelagt sti. Meir info: Kjenndalen

        

Bødalsbreen – den «gøymde perla»

Bødalsbreen, ca 40 minutt å gå på god sti, flatt og fint terreng. Meir info om turen: Bødalseter-breen

Briksdalsbreen – den mest «berømte» brearmen

Briksdalsbreen, ca 40 minutt å gå på fin og godt tilrettelagt sti/smal vei. Litt stigning. For meir info om turen sjå her: Briksdalsbreen 

For meir informasjon om dei ulike turane, så spør i resepsjonen. Våre medarbeidarar kjenner området godt – og gir god og nyttig informasjon om dei ulike turane.