• nb

Aktivitetar på Lovatnet

Båttur med M/S Kjenndal ll

Båtturen startar 5 minutters spasertur  frå campingplassen. Ombord på båten får du guida tur med god informasjon om Lodalen si historie.  Naturen kjem tett på, og fjella, fossefalla og brearmane får ein heilt annan dimensjon enn når ein kjører bil. På Kjenndalsanden legg båten til kai, og det er god tid til ein tur på Kjenndalstova for ein matbit eller kaffi og kaker. Nyt naturen, fuglesongen og fosseduren. God tur! For meir info og booking (grupper) Sjå her https://www.kjenndalstova.no/bttur-ms-kjenndal

Kajakktur med guide

Briksdal Adventure tilbyr guida padleturar med kajakk på Lovatnet. Startpunkt er Sande camping.

Meir info kjem snart!