NB! Vi følger nasjonale retningslinjer for Covid-19. Du kan lese meir om det her.

Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

Selja Kloster

Ein magisk stad ved havet

Opplev sagaøya Selja, staden der historia om den første helgenen,
den einaste kvinnelege helgenen, nokre av
landets første kyrkjer og eit av dei eldste klostera i
«landet langt nord» byrja
– og framleis lever, tusen år seinare.
Å kome ut hit er som å stige inn i eit eventyr.

Klosterbåten “Selja” tek deg med på ein behagelig båttur til Selja Kloster. Vi går innom Bø på vegen, og her er det mulig å hoppe av dersom du ynskjer å gå rundt øya, til klosteret. Dette er ein godt tilrettelagt sti som er full av historie.
Du får og tid til å utforske klosteranlegget og nyte stillheita på Selja.

Guida tur: Vaksne Kr. 399,- / Born Kr. 199,-

Det er eigne prisar for gruppeturar og skuleklasser.