NB! Vi følger nasjonale retningslinjer for Covid-19. Du kan lese meir om det her.

Foto: Ruben Soltvedt

Sagastad

Kunnskapssenter om vikingtida

Nordfjordeid har i vikingtida vore ein sentral stad, og høvdingsete for Firdafylket. Her fann ein ei av landets rikaste, største og mest spektakulære vikinggraver med brende restar etter det enorme Myklebustskipet. Levningar etter ein høvding eller konge saman med hans rikdomar fortel ei spennande historie som ein kan knytte direkte til ein namngitt person frå sogene. Det er i tillegg fleire andre rike graver frå vikingtida på Nordfjordeid, som stadfestar staden si sentrale rolle på denne tida. Desse unike funna dannar grunnlaget for forteljinga du kan oppleve på Sagastad.

Sagastad

post@sagastad.no
+47 578 62 200

Prisar

  • Vaksen: kr. 200,-
  • Born 6 – 15 år: kr. 100,-
  • Born u/ 6 år: Gratis
  • Senior: kr. 175,-
  • Familie (2 vaksne, 3 barn): kr. 550,-
  • Grupper*
  • Sagavert (må bestillast): kr. 1000,-

    *Grupper er min. 15 personar – ta kontakt på post@sagastad.no for pris