NB! Vi følger nasjonale retningslinjer for Covid-19. Du kan lese meir om det her.

Refviksanden

Stranda ligg i Refvik, ca 10 km frå Måløy.

Her er det ein kommunal campingplass med toalett og dusj. Høve til overnatting i telt, campingvogn eller bubil.

Eit sjeldan fenomen er at alle husa i Refvik har ein tjukk steinmur på eine sida. Dette er for å hindre at husa skal bli blåst på havet av dei sterke hauststormane som blir pressa ned gjennom dalføret.