NB! Vi følger nasjonale retningslinjer for Covid-19. Du kan lese meir om det her.

Foto: Unda Paula Rismane

Lodalen

Velkommen til fagre Lodalen

Lodalen har lange tradisjonar med å ta imot turistar, og det er ein populær stad for ferie og fritid.  Den storslagne naturen med høge fjell og det grøne brevatnet tiltrekkjer seg mange turistar.  Dei fleste aktivitetstilboda er naturbaserte.  Det finst turar både for små og store, og av ulik vanskeligheitsgrad.  I Lovatnet kan du fiske ørret heilt gratis! Den grøne fargen på vatnet kjem frå sediment og slam som breelvane fører med seg ned til vatnet.  Dei fleste turistane kjem hit om sommaren, men Lodalen er absolutt ein god stad å vere både vår og haust også, og då er det både betre plass og eit behagelig tempo.  Her er tilbod for dei fleste, men det er nok dei som søker ein aktiv ferie, eller dei som rett og slett vil nyte naturen i fred og ro utanfor bobilen  eller hytta som trivest best her!

  Hjelp oss å ta vare på dalen og ta hensyn til naturen, og bruk tilrettelagte campingplassar.  Allemannsretten gjeld i utmark, mykje av dalen er innmark sjølv om det ikkje ser slik ut.