NB! Vi følger nasjonale retningslinjer for Covid-19. Du kan lese meir om det her.

Foto: Visit Nordfjord

Hoddevik

I Hoddevik, ytterst på Stad, kan du vandre berrføtt på kvit sand, omkransa av høge fjellsider.

Når du køyrer ned “hårnålsvingane” har du ei fantastisk utsikt. Hoddevik er ein ynda stad for surfarar frå heile verda. Staden er svært godt egna for surf under ekstreme vindforhold på grunn av dei høge fjella som skjermar stranda frå den verste vinden.

Kanskje tenkjer du først på palmesus og tropevarme i sydlige strøk når du høyrer om surfing. Minst like eksotisk er det å surfe i det vakre kystlandskapet på Stad. Lenge har desse fantastiske strendene vore skjulte surfeperler, men no har fleire og fleire fått augene opp for surfinga i havgapet.