Booking

NB! Vi følger nasjonale retningslinjer for Covid-19. Du kan lese meir om det her.

Historisk vandring

Historisk vandring i Bødal – Lodalen si dramatiske historie Bødal og Lodalen bærer på ei sterk og dramatisk historie. To store rasulukker  i 1905 og 1936  har sett djupe spor i bygda og naturen rundt. På vandringa i Bødal kan du oppleve landskapet slik det står igjen etter tragediene, og få innsikt i historiene som har forma dalen. Ved startpunktet finn du ei minnetavle over dei som omkom i Lodalsulukkene, samt ei infotavle som fortel meir om begge rasa. Her får du eit godt utgangspunkt før du legg ut på turen. Frå stien og vegen ser du over mot Nesdal, og ned på dei flate områda i Bødal der det ein gong låg mange gardar før rasa tok dei med seg. Du får også utsikt rett mot Ramnefjellet, der dei enorme steinmassane rasa ut og skapte flodbølgene. Litt nede i skogen kan du finne restane av båtvraket som ein gong trafikkerte Lovatnet. Båten vart kasta høgt opp på land av bølgjene, eit tydeleg fysisk vitnesbyrd på dei enorme kreftene som var i sving. Ein sti tek deg ned til vraket, og vidare gjennom skogen der du passerer skilta stadnamn som markerer kvar dei ulike gardane låg. På det høgaste punktet står eit stort minnekors reist til ære for dei som mista livet. Denne turen er ikkje berre ei reise gjennom historia, men også ei naturnær oppleving med lett terreng, flott utsikt, fuglesong, dyreliv og god tid for ro og ettertanke. Området er variert og passar for både store og små. Her kan du velge rute etter behov. Det er anbefalt å lese informasjonen på infotavla før du går turen.