NB! Vi følger nasjonale retningslinjer for Covid-19. Du kan lese meir om det her.

Bødalsæter

Ei gøymd perle i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Fin familietur.

Frå Bødal køyrer du 5 km på bomveg  opp til ca 600 moh.  Vegen er kun for vanlig bil ikkje bobil.  Frå parkeringsplassen tar det ca 10 min. og gå inn til sætra. Du er no komen inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark, og rundt deg ser du fossefall, brearmar og vakker natur. På sætra er der private sætrehus (sel) bygt opp i eit spesielt rekketun.   Der er også eit enkel campingplass for overnatting.

Frå sætra kan du gå inn til Bødalsbreen, turen tar ca 40 minutt og er ein lett spasertur på sti i flatt terreng. Området viser det unike morenelandskapet som breen har forma.

Det blir også arrangert guida topptur til Lodalskåpa med utg.punkt frå Bødalsætra.

Pris bomveg: kr.100,-  5 km asfaltert veg, stigning frå ca 50moh til nesten 600 moh