NB! Vi følger nasjonale retningslinjer for Covid-19. Du kan lese meir om det her.

Bødalsæter brecamp

-Våkn opp til elvesus og fuglesang!

På Bødalsæter er det bygt opp ein enkel campingplass for telt og hengekøyer. Her er det toalett, vask og utedusj ( ikkje innlagt straum) Her er bålplassar og leiker for ungane.  Det er også mulig å sove innandørs dersom du ikkje har telt med.   Det kan ikkje forhandsbestillast plass (utenom for større grupper) Men det er som oftast ledige teltplassar heile sommaren.  Her er mange naturlige hengekøyeplassar blant fjellbjørkene inne på plassen. Kontaktperson for campen er Hilde Hogrenning Ravnestad

Frå Bødal og opp til parkeringsplassen før sætra er det ca 5 km bomveg, pris kr.100,-  På vegen oppover passerer du fleire fine fossar. Frå parkeringsplassen og inn til campen tar det ca 15 minutt og gå, det er ikkje mulig å køyre inn til campen.  Du er no komen inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark, og vi ber deg ta ekstra godt hensyn til den sårbare naturen og følgje reglane som gjeld for ferdsel i nasjonalparkar

Bødal Sameige

906 15974