• nb
  • en
  • de

Om oss

Ditt vertskap på Sande Camping.

Eigarar av plassen er Turid Sande Beinnes og Magne Beinnes.

Turid sitt hovedansvar er kafeen, men er i rolige stunder også i resepsjonen , eller ute og vasker hytter. Turid er oppvaksen på campingplassen og ho har delteke i alle arbeidsoppgåver opp igjennom åra.

me2

Magne er også overalt, han er en skikkelig «handyman» og kan fikse det meste. Vi jobbar heile tida med det mål og heve standarden på plassen og levere eit godt heilheitsprodukt.

DSC00546

Det blir mange arbeidstimer i løpet av en sommar – men vi likar jobben vår, og det er alltid spennande å treffe både gamle og nye gjestar. Vi er eit «synlig» vertskap, og vårt håp er at gjestane skal vere fornøgde med opphaldet, og reise heim med gode ferieminner og lyst til å komme tilbake til campingplassen igjen.

Våre medarbeidarar:

Våre gode medarbeidere er ein gjeng flinke og blide damer frå Latvia. Dei har vore her i så mange år at dei kjenner bedrifta og omgivelsane godt. Dei forstår eindel norsk og nokre snakkar også godt norsk – elles beherskar dei engelsk og russisk. Sjølv om dei har sine hovedoppgåver er også dette allsidige damer som hjelper til der det trengs. Utenom jobben så er dei glade i å bruke den flotte naturen vi har rundt oss, eller dei reiser på utflukter med bil. Shopping er også kjekt!

Daiga Ruttule

Daiga Ruttule – ansvar for reinhald.

Kristine Rismane

Kristine Rismane – ansvar for reinhald.
Instagram-v051916_200

katrina på sykkeltur - godt bilde

Katrina Rismane- resepsjon/kiosk
Instagram-v051916_200

Unda Paula Lauberga

Unda Paula Lauberga – resesjon/kiosk/kafe

Instagram-v051916_200