Hyttetomter
Store og fine hyttetomter med nærheit til sjøen
På Edøya i Smøla kommune har vi byggeklare hytte- og hustomter for sal. Feltet har totalt 17 tomter, og pr idag er det kun 6 tomter ledige. Edøya er eit eldorado for alle som er fiskeinteresserte og for dei som set pris på nærleiken til sjø og hav, fjøra og vakker solnedgang! Øya er eit flott rekreasjonsområde, her er stille og fredleg og ein får absolutt kobla av frå stress og mas. I området finst sjarmerande fiskevær og noko av det flottaste kystmiljøet landet vårt kan by på. Det er bruforbindelse mellom Edøy og Smøla. Øya som er 8 km lang ligg nord for Kristiansund N, og det er fleire daglege ferjeanløp til fastlandet og hurtigbåt til Kristiansund og Trondheim.
Tomtene ligg på ei lynghei nord for garden Nordal. Fritt og ope terreng med utsikt mot sjøen,skipsleia og øyane omkring.
- Forholdsvis store tomter, frå 1,5 til 2 mål
- Byggeklare tomter med veg,vatn og kloakk inntil tomtegrense
- Både sørvendte og vestvendte tomter
- Kun 6 tomter ledige
- Flott utsikt og nydlige solnedgangar
- Gåavstand til sjøen, frå 80 – 200 meter
- Godkjente med nausttomt for dei som ønskjer det
- Muligheit for båtplass i nærleiken
- Kun 2 km til fergekai og hurtigbåt
Kartinfo: Nordal Eigedom A/S, Hytte- og boligtomter
Reguleringsplan: Reguleringsplan Nordal 06.11.06
For meir informasjon kontakt Nordal Eigedom A/S Sivert og Svanhild Sande, svasa@frisurf.no eller ta kontakt med Sande Camping v/Turid epost: post@sande-camping.no
Sjåverdigheiter på Smøla og i nærområdet
- Skjærgard med meir enn 5.800 øyar, holmar og skjær
- Kulisteinen – ein av Norges eldste runesteinar
- Edøy gamle kyrkje – over 800 år gamal steinkyrkje
- Fiskeværet Veiholmen
- Atlanterhavsvegen
- Vindmølleparken
Aktivitetstilbod
- Gode fiskemuligheiter /havfiske
- Flott terreng for vandring og sykkelturar
- Dykking
- Museum
- Gurisenteret/Gurispelet
- Fuglesafari
- Kajakkruter
For meir informasjon om tilboda sjå her : Opplev Smøla
Kontaktinfo:
Nordal Eigedom A/S, 6789 Loen Sivert og Svanhild Sande tlf 90194967 eller 48194855 svasa@frisurf.no
Sande Camping 97954513 post@sande-camping.no