• nb
  • en
  • de

Vinter

DSC_1747Det er stor kontrast mellom sommar og vinter i Lodalen. Når dei siste weekendgjestane gir seg i oktober,blir det brått veldig stille her. Det er mange turistar her gjennom vinteren, men litt utleige av dei største hyttene og leiligheitene er det. For dei som vil ha fred og ro og eit rimeleg alternativ til overnatting så har vi gode alternativ å tilby.
Det kjem vanlegvis ikkje snø her før i desember, av og til i november, men det er sjelden den snøen vert liggande. Elles så er det ganske milde vintrar, enkelte år når det er «skikkeleg» vinter så kan vatnet fryse til, men det har vorte sjeldnare og sjeldnare at det er trygg is over lenger tid. Sjølv om vinteren ikkje er den heilt store turistsesongen så kan ein oppleve praktfulle dagar og netter i Lodalen også om vinteren. Særleg etterjulsvinteren når sola kjem att – kan vere fin. For ikkje å snakke om ei stjerneklar vinternatt, med snø,is og fullmåne som blenkjer i isen på Lovatnet – og stillheit…. Jau, vinteren har også sin sjarm!

 

 

 

alternativt toppbilde vinteren

 

vinter nr.15