• nb
  • en
  • de

Turar i dalen

   Verdens beste Lodalen – Du har ikkje opplevd Loen før du har besøkt Lodalen!

breng3

Bødal og Kjenndal – ei magisk naturoppleving

breng.jpg-for-web-large

Ved start på Sande Camping er første stopp setra Breng som ligg inntil fylkesvegen ca 2 km frå campingplassen. Her fossar Brengselva nedover glatte svaberg, og dei små setrehusa ligg idyllisk til i ei lita klynge blant revebjøller og grøne enger. Dette fotomotivet er «verdenskjent» og har ofte vore brukt i reklameinnslag!

 

 

skilt inner nordfjord

bregnselva big  DSC04467  reevebjølle

 

Vidare går turen oppover dalen og etter ca 9 km kjem vi til neste stopp ved minnetavla i Bødal. Her er informasjon om dei to rasulukkene som nesten utsletta både Bødal og Nesdal i 1905 og i 1936. Du ser rett  over til Ramnefjellet der raset gjekk.  Det er  informasjonstavler der ein får god dokumentasjon både i bilde og tekst om disse tragiske hendingane.  Det er laga ei historisk vandring frå dette infopunktet og nedover til der gardane låg i Bødal. Eit lite informasjonshefte om denne turen kan kjøpast i resepsjonen.

 

Ramnefjellet og Utigardsfossen

Utigardsfossen med ei høgd på 1968 fot, ser vi også frå dette punktet – fossen er rangert som ein av dei flottaste i verda. Når det er stor vannføring er den eit mektig skue.

Vidare innover i Kjenndalen er det høge fjell og vill natur – og lengst inne i dalen ligg  Kjenndalsbreen som også er ein arm av Jostedalsbreen.  Ca 15 minutt og gå på fin sti inn til breen.     Bomveg kr.40,-

 

Ramnefjellet og Utigardsfossen

info v minnetavle

haust i bødal  frå gjershaugen   DSC_0262

Litt om historia til Lodalen og ulukkene i 1905 og i 1936 kan du lese om her: Historia frå dalen

 

 

 M/S  Kjenndal 2 – sjå Lodalen frå vatnet !

kjenndal2

Båttur som startar 5min frå campingplassen. Turen går til enden av vatnet – til Kjenndalssanden.  Båten har ikkje fast rutetrafikk og går for det meste med bestilte grupper/cruiseturistar. Men enkelte dager har dei kapasitet til å ta med tilfeldig trafikk også.   Spør i resepsjonen for oppdaterte avgangstider.

 

 

 

  ramnefjellet     mskjenndal   fjellamskjenndal

 

 

kjenndalstova

 

Kjenndalsstova ligg idyllisk til i enden av Lovatnet.

 

 

 

 

 Bødalseter – Inngangportalen til Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Bødalseter selrekke

Bødalseter ligg på ca 600 m.o.h. Det er bilveg nesten fram til setra. Frå parkeringsplassen og inn til setra tar det ca 10-15 minutt å gå i flatt og fint terreng. Bødalseter er kjent for det spesielle  rekketunet selhusa er oppbygt i. Denne setra ligg inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Vidare kan turen gå inn til Bødalsebreen, ca 40 minutt å gå på sti. Området viser eit unikt morenelandskap, fleire brearmar og flotte fossefall. Toppturen til Lodalskåpa startar herifrå.  Bomveg kr.40,-   Info om:  Jostedalsbreen Nasjonalpark 

 

foss

tur sol og julie    Bødalsbreen   tur til bødalsbreen 24.sept.-08 011

Lodalen på sykkel –  på skogsvegar, stiar eller langs hovudvegen.

Sykkeltur i LodalenSykkelturer blir stadig meir populært, og det finst mange alternativ til både korte og lange turer – på vanlig vei eller stisykling. Mange av skogsvegane i dalen er fine å sykle på. Når du velger sykkelen som framkomstmiddel er det lett å oppdage dei små detaljane du går glipp av på bilturen. I heile Stryn og Nordfjord er det mange flotte sykkelvegar, sjå her for meir informasjon: Sykkelturar