• nb
  • en
  • de

Cole Rise/FjordNorway

Toppturar

2 anbefalte toppturar

 

Skåla /Skålatårnet 1848 m.o.h – «Norges lengste motbakke»

 

Turen til Skåla er blitt den mest populære toppturen i distriktet. Dette er ein dagstur for folk som er i normal god form, det er ingen problem å ta med barna på turen så sant dei er vant med å gå i fjellet. Det spesielle med turen er at ein startar på 0 og går opp til 1848moh. Det er jamn stigning heile vegen.

 

skåla i vinterdrakt                                    skåla kikki

 

På turen oppover mot Skåla passerer ein først Tjugen seter som ligg på 425 m.o.h. Her er setrehus som tilhøyrer gardane Haugen og Tjugen.

tjugen seter 012

Neste «milepæl» er Skålavatnet, ei kvilepause her er å anbefale – og kanskje eit bad for dei som er av det tøffaste slaget!

skålavatnet      utsikt frå skålatårnet,kikki

Siste delen av turen går på oppbygde trappetrinn.  På toppen står det eit rundt steintårn der det er mulig å overnatte. Tårnet er ope og det finst også proviant å  få kjøpt.  Utsikta frå toppen er fantastisk, og både solnedgang og soloppgang er verdt å få med seg om ein overnattar der oppe.

La Sportiva Skåla 1848 meter rett opp

skåla opp

 

 

 

 

Motbakkeløpet «Skåla Opp» går kvart år i midten av august,  – og det har blitt veldig populært for både proffe utøverar og mosjonistar.  Årets motbakkeløp går av stabelen 13.august.     For meir info: Skåla Opp

Sjå også bildegalleri frå løpet i 2015 : Bildegalleri Skåla Opp 2015

 

 

Lodalskåpa  2083 moh  –  Dronninga av Jostedalsbreen

Bli med på topptur til Lodalskåpa i sommar. Vi arrangerar guida tur kvar tysdag i juli månad.

Lodalskåpa

varde på kåpa

 

 

 

 

 

 

 

Turen til Lodalskåpa tek ca12 timar inkl.gode pausar. Det krevst at ein er i god fysisk form for å delta på turen. Det er nødvendig med lokalkjend førar for å gå denne turen.  Ein må ha godt turutstyr(klede og sko) for ein lang fjelltur, samt godt med mat og drikke for ein heil dag. Turen er variert med veksling mellom flate og bratte parti.

 

sti til bree

I starten går ein gjennom eit frodig morenelandskap med moreneryggar danna av Bødalsbreen etter kvart som den har trekt seg tilbake og innover dalen.  Turen startar i flatt og fint terreng på tilrettelagt sti innover mot Bødalsbreen.  Så går ein opp langs elva som vi ser på bildet, og det blir ein god del stigning til ein kjem opp på platået på Fessene.

Oppe på ca 1650 moh knyter vi oss inn i tau, og går over platået mot Veslekåpa og Lodalskåpa.

Veret kan vere skiftande og kaldt oppe på breen, så ein treng godt med kle med på turen. Vindtett jakke, bukse, lue,vottar og gode fjellsko.

 

 

foss v fessene

kåpevatnet

 

 

 

 

 

Turar til Lodalskåpa : På forespørsel til Uteguiden     og  Briksdal Adventure