• nb
  • en
  • de

Fiske

Gratis ørretfiske i Lovatnet.  Fersk ørret i steikepanna – «kortreist delikatesse».

ØRRETMIDDAGPrøv fiskelukka i Lovatnet!  Det er gratis å fiske i vatnet, du kan bruke både stang, oter eller garn. Stang og oter kan brukast heile sommaren, garnfiske er best på hausten, frå midten av august og til oktober. Gjennomsnittsvekta på ørreten i vatnet er ca 200 gram, og en største fisken som er fått i garn i det siste er på 9,2 kilo!

I kiosken kan du kjøpe eller leige fiskeutstyr(stang og oter). Vi gir enkel opplæring og gode råd.  Ein fisketur på Lovatnet er rekreasjon for både liten og stor.

 Fisking er ein spennande aktivitet både for barn og vaksne.

      fangst     IMG_2836    fisketurfiskejenta

Koselig video laga av ein av våre gjestar.

 

Laksefiske i elvar

Loenelva, Oldenelva og Stryneelva tilbyr lakesfiske i begrensa periodar på sommaren. Fiskekort kan kjøpast på Lovik Camping i Loen sentrum.

Sjøfiske/havfiske.

Sjøfiske er gratis,og det er kun 5 km til sjøen frå campingplassen.  I Olden arrangerast det organiserte fisketurar med Skarstein fjordcruise «Isabella».Fangstgaranti!

Skarstein Fjordcruice – Isabella

 

Havfiske: Lenger ute ved kysten tilbys havfisketurar. For meir info spør i resepsjonen.