• nb
  • en
  • de

Terje Rakke/NordicLife/FjordNorway

Dagsturar

Briksdalsbreen – ein  liten bit av Jostedalsbreen

Briksdalsbreen i Olden

 

Briksdalsbreen er den mest kjende breen i distriktet, og tusenvis av turistar besøker Briksdalen kvart år. Her finst kafe, restaurant, souvenirbutikk  og aktivitetspark.  Turen opp til bree tar ca 40 minutt på god sti/vei. Alternativt kan ein leige «Troll-bil» og bli transportert opp til breen på den måten. På brevatnet framfor breen tilbys Bresafari som er padling med raftingflåte i det grøne brevatnet.

For meir info :www.briksdalsbre.no

 

Ytre Nordfjord -Opplev den barske vestlandskysten!

Kannesteinen i Måløy

Kannesteinen i Måløy

Anbefalt køyrerute er via Panoramaveien til Nordfjordeid. Deretter til Måløy,som er ein liten kystby,  gå ikkje glipp av «Kannesteinen» som ligg eit par minutt utanfor sentrum.  Deretter er det ei rekkje stadar som er verdt eit besøk,feks  Selje – Selje Kloster, Hoddevik,  Kråkenes Fyr, og Vestkapp for å nemne nokon.

 

 

 

Les meir om Selje Kloster og St.Sunniva : Selje kloster

Surfing på Stadt

Kannesteinen

 Geirangerfjorden – Geiranger – Dalsnibba –  fjord,fjell og fossefall

Geirangerfjorden

Geirangerfjorden

Køyr til Hellesylt og ta ferga innover  Geirangerfjorden  til Geiranger. Vidare opp frå Geiranger er det eit «must» å køyre opp til Dalsnibba og sjå på den fantastiske utsikten ned til Geiranger og utover fjorden. Vidare til Grotli og kanskje ein tur innom Stryn Sommarskisenter før retur til Stryn.

 

 

 

Meir info om Geiranger: Geiranger info

Dalsnibba

Trollstigen – spektakulær fjellovergang

Trollstigen, Fjord Norway

Trollstigen, Fjord Norway

 Nasjonal turisveg. Bilturen går i gjennom dramatisk vestlandsnatur som byr på høge fjell, fjordar og dalar. Flott utsiktspunkt på Trollstigplatået.  Turen kan kombinerast med turen  til Geiranger, og då vidare til Valldal og over Trollstigen. Alternativ rute tilbake via Åndalsnes, Vestnes, ferje frå Liabygda til Stranda, og vidare til Stryn/Loen.

 

 

 

Meir infor om Trollstigen: Trollstigen info

Nordvestlandets vakraste by -Ålesund

Ålesund, Fjord Norway

Ålesund, Fjord Norway

Jugendbyen Ålesund anbefalast på det varmaste. Flott ariktektur og stemning. Sti til byfjellet Aksla med utsikt over heile byen. Atlanterhavsparken/akvarium, Sunnmøre Museum er vel verdt eit besøk.  Anbefalt køyrerute er Stryn-Hellesylt- Stranda-Sykkylven, ferje over til Magerholm og vidare ca 20 minutt køyring til Ålesund.

 

Senter og museum

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn

Bremuseumet i Fjærland

Breheimsenteret i Jostedalen

Svormuseet i Hornindal – Bronseskulpturar av Anders Svor

Nordfjord Folkemuseum, Sandane – Samling av gamle bygningar frå heile Nordfjord

 

For fleire turforslag sjå her: Turforslag