• nb
  • en
  • de

Brevandring

 Nytt tilbod frå sommaren 2015. Bretur på Tystigbreen.

For komande sesong blir det brevandring på Tystigbreen i Stryn (ved Stryn Sommarskisenter)
Breplatået ligg på 1600 moh med ei fantastisk utsikt.

  • Sesong: Juli og august
  • Måndag – fredag
  • Min. alder: 12 år
  • 5-6 timars tur
  • Middels vanskelig
  • Kr. 800,- pr person
  • Grupperabatt: Kr.750,- pr person (min.4 personar)
  • Starttidspunkt: kl.10.00 – møt opp min.15 minutt før start.
  • Møtepunkt ved parkeringsplassen på Stryn Sommarskisenter
  • Maksimum 12 personar pr guide
  • Booking seinast dagen før.
  • Påmelding og info Briksdal Adventure +47 57876813, mobil + 47876808  ruben@briksdalsbre.no

Klargjering for turen og avgang frå parkeringsplassen ca 10.15. Første del av turen er i stolheis med fantastisk utsikt.

Turen opp til brefronten tar ca 45 minutt. Turen på isbreen tar ca  2-3 timar.  Lunsjpause oppe på breen, det er ikkje så mange som kan skryte av å ha hatt lunsj på ein bre – med fantastisk utsikt til alle kantar. Det er utsikt til Lodalskåpa (2083moh), Oppstrynsvatnet og til platået på Jostedalsbreen som er den største isbreen på det Europeiske fastlandet.

Turen tilbake til stolheisen tar ca 45 minutt og vi er tilbake på parkeringsplassen ca kl.16.00

 

tystigen brevandring

tystigbreen

 

 

 

 

 

 

Dette bør du ta med på turen:

  • Niste/lunchpakke, det er vanligvis 30 minutters pause på breen.
  • Snacks, feks sjokolade eller nøtter
  • Vatn/drikke
  • Kamera
  • Egna kle dvs vatn- og vindtette bukse og jakke er alltid lurt, fjellsko (kan lånast), hanskar (kan lånast),

Velkommen til en fanastisk flott bretur uten stress men med mange heftige naturopplevelsar.

.

 vandring tystigenbrevandring tystigen

 

 

 

Opplev brelandskapet og isbreen!

Dei som ikkje har lyst å klatre på ein isbre bør uansett ta ein kortare spasertur for å sjå ein av våre vakre brearmar.  Det er vanskelig å seie kva for ein bre som er finaste, for dei er alle så forskjellige og med ulik natur og historie. Så det beste er om du har tid til å besøkje fleire av breane.  Kjenndalsbreen er den lettaste tilgjengelege breen.

Respekter stoppskilt og sperringar ved enden av stien – det kan medføre fare å gå nærmare breen.

 

 

Kjenndalsbreen

        kjenndalstova

Kjenndalsbreen innerst i Lodalen – ca 15 -20 minutt å gå på fin og godt tilrettelagt sti. Meir info: Kjenndalen

 

Bødalsbreen

elv ved bødalseter

 

Bødalsbreen, ca 40 minutt å gå på god sti, flatt og fint terreng. Meir info om turen: Bødalseter-breen

briksdalsbreen nærbilde

Trollbilar-i-Briksdalen-0091-500

 

 

Briksdalsbreen, ca 40 minutt å gå på fin og godt tilrettelagt sti/smal vei. Litt stigning. For meir info om turen sjå her: Briksdalsbreen 

 

For meir informasjon om dei ulike turane, så spør i resepsjonen. Våre medarbeidarar kjenner området godt – og gir god og nyttig informasjon om dei ulike turane.